photohalden
Stein Beyer-Olsen, Halden, Norway. All the images in the Gallery "photohalden" are owners property and Copyrighted.
NOE Å STREKKE SEG ETTER:
Sigurd Reime sitt forord i boka Bergatt av landet av Torleiv Tveit.
"Boka er ei fotokunstbok med bilete av naturen frå heile Noreg. Bileta har fått fylgje av dikt eller strofer av lyrikaren Olav H. Hauge."
”Kom ikkje med heile sanningi, … men kom med ein glimt…”
(Frå diktet ”Kom ikkje med heile sanningi”)
Ingenting er meir flyktig enn augneblinken – glimtet. Me føler det ofte meir enn ser det: Eit blikk. Eit uttrykk. Ei rørsle. Ei naturstemning. ”Ein glimt”. Dei fer forbi som vinden, og er borte att. Tenk om dei kunne vore ”fanga”…
Og det umoglege kan vera mogleg: augneblinken - glimtet - kan nemleg fangast - av kameralinsa.
Likevel er augneblinken på filmen ikkje ”heile sanninga” - berre ”ein glimt” av henne. Det heiter at biletet kan lyga – det fortel ikkje alt. Det er kanskje heller ikkje meininga. Det er auga som ser gjennom objektivet og handa som styrer utløysaren som bestemmer kva for eit utsnitt av sanninga som skal visast. For berre slik kan fotografen visa tilskodaren si sanning.
Og det er kanskje like greitt. Me er ofte ikkje i stand til å fatta ”heile sanningi”; men må ha henne i små ”glimt” for å makta sjå det store i det små.
Å kunna ha auga for dei store glimta, fanga dei, og så gjera dei til noko meir enn ei fotografisk gjengjeving, det er det som skil fotokunstnaren frå den vanlege fotografen.
Kunstnaren fangar augneblinken og gjer han tidlaus – får fram dimensjonar og nyansar som det ikkje er alle gitt å sjå: det vekslande uttrykket i menneskeaugo, den vare naturstemninga, den flyktige augneblinken. Slik er det med all stor kunst. Kunstnaren skaper noko som me vert nøydde til å ta stilling til. Og når ”sanningi i ein glimt” slik rører ved noko i oss, då har kunstnaren, uansett kva uttrykksform han brukar, gitt oss ei oppleving.
Torleiv Tveit har kalla boka si Bergtatt. Assosiasjonen til prinsessa i eventyret er ikkje vanskeleg. Det er heller ikkje vanskeleg for tilskodaren å verta bergteken – trollbunden - av bileta i denne boka. Her er augneblinkar fanga, til glede – og til ettertanke.
Olav H. Hauge lodda djupare og såg klarare enn dei fleste av oss. Orda hans er gode følgjesveinar til alle tider, og til Tveit sine bilete styrkar dei opplevinga og gjer henne rikare.
Sigbjørn Reime